Jølster Panorama – midt i opplevingsriket!

Det er mange grunnar til å velge Jølster som feriedestinasjon. Om du er intressert i fjellturar (både korte og lange), fiske og kultur. Frå campingplassen er det berre 40 min til nærmaste handelsstand (Førde) med 4 kjøpesenter med masse butikkar. Loen Skylift ligger kun 1 time frå campingplassen. 

Har du lyst på eit slag golf ligg Sunnfjord Golfklubb på Vassenden, ein 20 minutters biltur frå Skei. Ynskjer du litt meir action kan Jølster Rafting tilby rafting og flotte opplevingar i vakre Jølstra. I vinter-halvåret er det skianlegg i nærleiken. Jølster Skisenter, kun 20 min frå campingplassen. 

Topp på tur! 

Jølster Panorama er eit flott utgangspunkt for turar i fjella. Frå campingen kan du gå direkte til dagsturhytta i Jølster( Veit du ikkje kva dagsturhytta er? Les om det fantastiske konseptet her.) Vidare kan du få på fuglastøylen, fuglafjellet og håheimsfjellet, alt etter kor langt du har lyst til å gå. Stien er godt merka, men spørr oss gjerne om du trenger hjelp!

Det fine med fjella i Jølster er at det finst alternativ for alle nivå, sjå her for mange gode forslag

Nordeuropas beste fiskevatn!

På Jølster Panorama er fiske mulighetane mange, og Jølstraauren som du får tak i vatnet er noko av det beste du kan få servert. Du kan velge å fiske rett frå campingplassen, frå båt, eller på ein av dei mange gode fiskeplassane rundt Jølstravatnet. For oversikt over alle plassane, sjå her

Fiskekort kan du få kjøpt hos oss i resepsjonen, eller på nett her

Vi reknar med du kjem til å få meir fisk en kva du klarer å ete med ein gang, og vi hjelper deg gjerne med frysar til fisken om du treng det! 

Sykkle langs Jølstravatnet

Med utgangspunkt frå Jølster Panorama har ein mange mulighetar til å få seg fine sykkelturar, både lange og korte. Her finner du turbeskrivelse på sykkeltur til Astruptunet. Her er beskrivelse til sykkeltur til Stardalen. Langs E39 er det og laga sykkel og gangsti heilt frå sentrum til Årdalen, og her kan ein ta turen vidare opp i Årdalsdalen om ein vil ha ein lenger tur. 

Matopplevelse

Jølster kan tilby mykje god matopplevelsar. Du kan nyte alt frå Jølstramuseet som tilbyr koslig atmosfære med nydlig mat, Thon Hotel Jølster med gode alcarte eller buffet, eller ta deg en sikelig matpause på Skei Servicenter som tilbyr alt frå dagens middag laga av den fantastiske kokken på huset, pizza, burger, salat, baguettar og alcarte. Skei Servicenter er også behjelplig med levering til Jølster Panorama om du ikkje ønsker å reise frå campingplassen. Kontakt resepsjonen for meir informasjon.  

Kunst og Kultur

Jølster er og bli Astrups sitt rike, og eit besøk innom astruptunet er gjerne eit must når du er i Jølster. Om du er glad i å sykkle er den ein fin tur på 27,7 km for å komme seg dit.