Jølster Panorama – midt i opplevingsriket!

Med naturen i fokus er det mykje ein kan oppleve i Jølster og omegn. Sommar som vinter, er det mange flotte fjellturar rett i nærleiken av Jølster Panorama, spør oss gjerne om tips, så kan vi hjelpe deg å finne flotte turar. Campingplassen er og tilrettelagt for fisking. Vatnet som slår opp mot steinane på campingplassen er blitt sagt å vere nordeuropas beste fiskevatn! Vi kan tilby båthavn, båtutleige og sløyerom. I tillegg både sel vi og leiger ut fiskeutstyr. Fiskekort kan du kjøpe hos oss.

Har du lyst på eit slag golf ligg Sunnfjord Golfklubb på Vassenden, ein 20 minutters biltur frå Skei. Ynskjer du litt meir action kan Jølster Rafting tilby rafting og flotte opplevingar i vakre Jølstra. I vinter-halvåret er det tre skianlegg i nærleiken. Jølster Skisenter ligg 20 minutt ifrå, Sunnfjord Skisenter og Sogndal Skisenter Hodlekve, ligg begge 40 minutt ifrå campingplassen.

Om ein har lyst å reise på shopping er det kun 40 minutt til næraste by, Førde.