Campingglede i vasskanten

– året rundt hos Jølster Panorama

Booking

Nyt sommaren hos Jølster Panorama

Jølster Panorama er åpent heile året, og no i sommarsesongen har vi god plass for både bubil, campingvogn og telt. På sommarstid er sanitærbygget ope døgnet rundt med dusj, toalett og kjøkken, og bastua står klar for deg som vil varme deg etter ein svalande dukkert i vatnet.

Plassen ligg berre få minutt frå isbreer, Astruptunet og flotte turmoglegheiter, og er eit perfekt utgangspunkt for opplevingar i Sunnfjord. Lange lyse kveldar gjev deg god tid til å nyte livet ved vasskanten.

Praktisk informasjon:

  • Tømming skjer i svingen mot sanitæranlegget ved vatnet (rist i bakken)
  • Rør for tømming av kjemisk toalett finn du ved sida av
  • Ved behov for påfylling av vatn nyttar du rommet merka sløyserom
  • Der finn du også slange til påfylling

Velkommen til sommarcamping hos oss.

Oversiktsbilde campingplass Jølster Panorama. Foto.

Ledige plassar under Jølster Aurefest

11.–13. juni 2026 er det Jølster Aurefest, og vi har framleis mykje ledig plasser hos Jølster Panorama.

Her bur du rett ved Jølstravatnet, med kort veg til fiskeplassar, festivalområdet og alt som skjer denne helga. Perfekt for både deltakarar, familiar og vennegjengar som vil bu komfortabelt under fiskefesten.

Sikre deg plass tidleg – Aurefest-helga blir fort fullbooka når datoen nærmar seg. Vi ønskjer fiskarar og gjestar hjarteleg velkomne til Jølster Panorama.

Slik fungerer innsjekk

Ved ankomst på campingplassen står det eit nummer du kan ringe for innsjekk. I sommarsesongen anbefaler vi at du bookar plassen på førehand, særleg i juli og fellesferien, men har du ikkje rukke det, er du like velkommen til å ta kontakt ved ankomst.

Vi har god plass og ønskjer deg velkommen til eit triveleg og avslappande sommaropphald hos oss.

Bilde av Jølster Panorama med Jølstravatnet og fjellandskap. Foto.

Ta sommarferien på Jølster

Nyt sommaren i moderne hytter omgitt av natur, med lange lyse kveldar, ro og utsikt over Jølstravatnet.

Her bur du midt i naturen, med kort veg til bading, båtliv, fiske og fine turmoglegheiter for både små og store. Etter ein dag ute kan du senke tempoet og nyte stillheita i komfortable omgjevnader.

Innsjekk er enkelt, hytta står klar når du kjem, og alt ligg til rette for ei avslappande sommarferie med familie, venner og gode opplevingar.

Velkommen til Jølster Panorama!