Jølster Panorama

Campingplass for bubil, campingvogner, telt og 1 hytte. Ligger heilt ned med vatnet med strøm på alle plassar. Ein kan bestille plass her eller møte opp på campingplassen for å sjekke inn. Plassen har 2 servicebygg med kjøkken, vaskemaskin, tørketrommel, dusj og toalett. Det er fiskemuligheter frå campingplassen og muligheten for å leige båt.

 

Tidligare Haugen Camping

Jølster Panorama fikk nytt namn og nytt utsende i 2014. Namnet på campingplassen før var Haugen camping og har ei mykje lenger historie bak seg en det. I 1957 la dei første teltgjestene seg til her, og nokon år etterpå kom det opp nokon enkle hytte. Vi har fortsatt mange gjester innom som har vert her heilt sidan barndommen og har mange minner frå plassen. Men campingplassen var delt i 2 av E39, noko som verka inn både for idyllen, og sikkerheten.

Ola Fugle kjøpte campingplassen i 2001 og starta då med ein lang prosess å få pussa opp og ordna til campingplassen til noko for framtida. I 2014 sto nedsida av E39 klar med 40 oppstillingsplassar heilt nede med vatnet. Det vart også bygd eit nytt og moderne sanitærbygg.

Høsten 2019 var nye E39 ferdig og med det kunne vi endelig flette i hop campingplassen til 1 stor i stede for 2 små. No er det 80 oppstillingsplassar ferdig, moderne tømmesystem, 2 servicebygg og 1 hytte ferdig, so får vi sjå kva neste steg blir!