Med denne utsikta er det ikkje vanskeleg å forstå at det har vore campingplass her i meir enn 60 år. Men no satsar «Jøster Panaorama» på framtidas campingturistar.

 

Namnet «Jølster Panorama» treng ikkje vidare forklaring. Denne campingplassen har nemleg panoramautsikt til det vakraste på Jølster. Og dermed noko av det vakraste på heile Vestlandet!

-Tidlegare heitte campingplassen Haugen camping. Men i samband med at vi skulle lage ein reguleringsplan på området for vel 10 år sidan, kom ein ingeniør til å uttrykke følgjande: Med ei slik panoramautsikt burde plassen berre heite Panorama. Enkelt og greitt. Og slik vart det, smiler Ola Fugle.

 

Utsikt

Heilt sidan 1950-talet har turistar i hopetal stoppa opp ved gamle, ærverdige Haugen camping, like ved Skei sentrum. Heilt nede i vasskanten på det mektige Jølstravatnet har folk frå store delar av verda lête seg imponere over den magiske panoramautsikta. Grovabreen på motsett side av vatnet og dei rolege fjella som omkransar det fiskerike vatnet har vore motiv på eit utal av bilder. Bilder, som ikkje minst dei siste åra, har fått bein å gå på gjennom sosiale medier.

-Ja, vi har merka at den viktigaste marknadsføringa står turistane for sjølve. Gjennom Facebook, Instagram og Snapchat. Nøgde turistar gjev ringverknadar, og vår oppgåve som campingvertar er å leggje til rette for at gjestane skal trivst her. Og no føler ag at vi er på veg til å lukkast med det, seier Ola Fugle som i si tida kjøpte campingplassen av Anny Haugen.

-Heilt tilbake til 1957 har turistar stoppa opp her for å telte. Seinare vart det bygd nokre enkle hytter på området. Men utfordringa var heile tida at campingplassen var delt i to av ein sterkt trafikert E39-veg. Noko som ikkje minst gjorde at idyllen ikkje var optimal. Men no er dette radikalt endra i samband med at hovudvegen på Vestlandet, E39, er flytta vekk frå campingområdet. Og vi er svært godt nøgd med det arbeidet Statens vegvesen og Jølster kommune har gjort for å løfte fram området ved «Jølster Panorama». No kan vi verkeleg satse slik vi har lyst til, seier Ola Fugle.

 

Nytt område

Etter at det vart kjent at E39 skulle få ny trasé langs Jølstravatnet bygde Ola Fugle nytt servicesenter og nytt sanitæranlegg på området i påvente av at nyevegen skulle bli opna.

-Vi gjekk i gang med dette arbeidet då reguleringsplanen var klar. Vi ville byggje ferdig før vegen kom, slik at når den vart offisielt opna i september 2019, så skulle det meste vere på plass. Den siste våren har vi brukt på å hente stein frå heimgarden min i Skei sentrum for å opparbeide heile området med fleire nivå for oppstilling av bubilar. Dette skal gjerast skikkeleg, og då har vi heller venta litt for å bli ferdige, seier Ola Fugle som saman med dottera Malene tek ansvar for drifta av dette campingtilbodet ein kilometer sør for Skei sentrum.

-No satsar vi på å nærme oss inntil 80 oppstillingsplassar for bubil. Dessutan vil vi halde fram med å leige ut dei fire enkle hyttene vi har i øvre del av campingen. Det er framleis turistar som etterspør enklare overnattingstilbod. Samstundes har vi store investeringsplanar på nordsida av det 8 mål store område vi har. Veggrunnen under den gamle riksvegen kan nyttast, og vi har nokre spenstige planar på å byggje seks høgstandard- og vinterisolerte hytter, som delvis vil liggje ute i Jølstravatnet. Men først må desse planane bli godkjende, seier Ola Fugle.

 

For framtida

Når aktiviteten ved campingen igjen tek seg opp til normale høgder, håpar Fugle-familien også at servicebygget skal bli nytta meir. Ikkje minst har dottera Malene Gåsemyr Fugle håp om at turistar skal få oppleve skikkeleg campingglede i vasskanten

-Vi har skjenkeløyve, og har lyst å gjere servicebygget om til ein møteplass. Vi har eit stort uteområde på taket av dette bygget, og ikkje noko er flottare enn å sitte der oppe og berre nyte utsikta. Og i dette bygget kan vi ha forskjellige arrangement, og kan skape større aktivitet i tida som kjem, seier Malene Gåsemyr Fugle og viser til at familien også driv Skei servicesenter, som ligg like ved.

-Totalt har vi 22 tilsette i bedrifta vår, og på servicestasjonen har vi ein stor Circle K-bensinstasjon med kafé, fire heilårs utleigehytter, oppstillingsplass for trailerar og skysstasjon. Dette er møteplassen for svært mange jølstringar, og ikkje minst dei mange tusen som passerer forbi på dei trafikerte vegane E39 og riksveg 5. Vi ligg trass alt på den viktigaste ferdselsåra på Vestlandet, seier ho og ser at trafikken etter korona-pandemien har teke seg kraftig opp i det siste.

-I ein periode i mars og april merka vi at personbil-trafikken gjekk ned, men at det var mykje langtransport på vegane. No er det fleire og fleire norske turistar som kjem hit, og med gradvis opnare hrenser, så ser vi oså at utlendingane er i ferd med å komme tilbake. Og vi har god erfaring med at at har du først hatt ei overnatting her på «Panorama Jølster», så kjem du tilbake. Spør berre den familien som har vore her kvar einaste sommar i over 40 år, smiler far og dotter Fugle ved den idylliske campingplassen i vasskanten på Jølstravatnet.